Nettleige gjeldande frå 1. juli 2022

Frå 1. juli er reglane for utforming av nettleige endra og dermed må Bømlo Kraftnett innføre ny nettleigemodell. Føremålet med å innføre ny modell er å oppnå ei betre utnytting av straumnettet ved å jamne ut toppane og fordele forbruket over døgnet. Endringa av modell skal i utgangspunktet ikkje medføre auka nettleigeinntekter til Bømlo Kraftnett AS, men tvert imot på sikt vera med å halde nettleiga lågast mogleg. Modellen medfører likevel ei omfordeling av kven som betaler mest og minst for bruk av nettet. For dei fleste av våre hushaldskundar vil det bety at om ein er flink til å tilpasse forbruket, kan ein redusere si eiga nettleiga samanlikna med andre som ikkje tilpassar seg. Kundar som ikkje tilpassar seg og har høge enkelttimar, vil oppleve ein auke.

Auka tariffar

Samtidig med omlegginga til ny modell, har dei høge energikostnadane medført at Bømlo Kraftnett har fått aukte kostnadar. Spesielt dreier dette seg om kostnadar til å kjøpe inn straum til å dekke tapet i eigne linjer, men og kostnadar for tap i linjene som forsyner Bømlo (eigd av Statnett og Fagne). Denne auken i kostnadar gjer at uansett modell, så må nettleiga dessverre aukast.

Rabatt

Styret i Bømlo Kraftnett ser at auken av nettleiga kjem i tillegg til mange andre kostnadsaukar i samfunnet og at dette kan vera krevjande for mange av våre kundar. Styret har difor vedtatt at Bømlo Kraftnett skal halde fram med å gi ein ekstraordinær rabatt på nettleiga. Totalt har dei vedtatt å redusere nettleiga med ca. 12 millionar. For siste halvår av 2022, utgjer denne rabatten 11 øre/kwh inkl. mva. Om ein er medlem i Finnås kraftlag SA, vil ein i tillegg få kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i Finnås Kraftlag konsernet.

Endringa inneber ei omfordeling av kostnadane, der kundar som belaster straumnettet hardast, må betale meir enn kunder med lågt jamnt forbruk. Kunder som jamnar ut forbruket og ikkje set på alle elektriske apparat samtidig, kan med den nye modellen påverke nettleigekostnaden i positiv retning.

" Bømlo Kraftnett sine inntekter frå nettleiga skal vera vera like sjølv om modellen er endra. På grunn av høge kraftprisar aukar beløpet ein har lov til å ta inn via nettleiga samtidig som me innfører ny modell. Når ein reknar med rabatten som styret har vedtatt vert inntektene/nettleiga reduserte med heile 12 millionar kroner (inkl.mva ) i høve til det ein har lov til å ta inn . Alle som er medlemmer i Finnås Kraftlag mottar også kjøpsutbytte på nettleiga. I 2022 har ein vedtatt å gi eit samla kjøpsutbytte til medlemmene på 12,5 millioner kroner."

Slik blir ny nettleige og prisar gjeldande frå 01.07.2022

Ny nettleige
Ny nettleige vil bestå av eit kapasitetsledd og eit energiledd. Kapasitetsleddet erstattar dagens fastledd og er delt inn i fleire trinn. Kva trinn du hamnar i, vert bestemt av snittverdien av dei tre høgaste timesverdiane, henta frå tre ulike døgn i månaden ein vert fakturert for. Døgnmaks er den timen i døgnet der ein har brukt mest straum.

Kapasitetsledd:
Trinna er delt inn inn slik. Første trinn 0-2 kilowatt, neste 2-5 kilowatt, så 5 kilowatt per trinn opp til 25 kilowatt. Deretter er trinna delt inn med 25 kilowatt per trinn. Det er forventa at dei fleste kundanae våre vil variere mellom trinna 2-5 og 5-10 kilowatt.

Energiledd:
Det vil vera ein pris på dagtid og ein lågare pris om natta (klokken 22.00 - 06.00). Elavgifta som blir tatt inn saman med nettleiga vert fastsett av Stortinget.
Du finn informasjon om kor mykje straum (kW) du brukar i gjennomsnitt ein time ved å logge deg inn på Mi Side og gå inn på "Effektkurver".

Faktura for ny nettleige vil bestå av desse elementa:
Kapasitetsledd (kr /mnd)+ Energiledd dagtid (øre/kWh) + Energiledd nattestid (øre/kWh)
I tillegg kjem elavgift og moms som betalast til staten.

Årsforbruket avgjer nettleigemodell

Bedriftskundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil frå nyttår få effektmålt nettleige, uavhengig av størrelsen på anleggets hovudsikring. Denne kundegruppa får og ta del i rabattordninga som styret har vedtatt.

Priser for ny nettleige gjeldande frå 01.07.2022

Prisliste for kapasitetsledd privatkundar

Kapasitetsledd privatkunder (ink.mva)
TrinnKr/mndÅrspris
0-2 kW3003 600
2-5 kW4004 800
5-10 kW5006 000
10-15 kW6007 200
15-20 kW7509 000
20-25 kW 900 10 800
25-50 kW210025 200
50-75 kW310037 200
75-100 kW410049 200
Over 100 kW5100 61 200

Pris energiledd privatkundar

Energiledd privatkundar (Alle priser ink. mva)
Trinnøre/ kWhElavgift høg sats April -desemberEnova avgiftrabatt øre / kWhTotalt inklusiv alle avgifter
Dag*42,3319,261,2511**51,84
Natt*36,0819,261,2511**45,59

*dag: kl.06:00 - 22:00, Natt: kl.22:00 - 06:00

**Rabatten gjelder for perioden 1/7-22 til 31/12-22


For komplett tariffinformasjon, sjå vedlegg:

Spørsmål og svar om ny nettleigemodell:

Kvifor har me nettleige?

Straumnettet er kraftforsyningens vegnett. Når du kjøper straum brukar du nettet for å frakta straumen frå produksjonsstaden og fram til stikkontakten din. For dette betaler du ei nettleiga. På same måte som bilistane betalar vegavgift for å bruka vegnettet, betalar straumkundane ei fraktavgift for å bruka straumnettet.

Kven betalar for straumnettet i Norge?

Drift, vedlikehald og utbygging av strømnettet i Norge kostar årleg 27 milliarder kroner. Denne rekninga vert betalt av brukerane av nettet gjennom nettleiga Dersom me klarar å utnytte nettet smartare, kan me redusera behovet for utbygging og dermed halda nettleiga lågare.

Kva betyr ny nettleigemodell for nettselskapet sine inntekter?

Nettselskapa si samla inntekt vert bestemt av myndigheitene gjennom årlege inntektsrammer, og vil ikkje bli påverka av ny prismodell. Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Norge kostar årleg rundt 27 milliarder kroner. Denne rekninga vert dekka av brukerane av nettet. Ved å utnytta kapasiteten i nettet smartare, kan me halda nettleiga llågast mogleg for straumkundane over tid ved at ein slepp å investere i nytt nett før det strengt tatt er nødvendig.

Kva med brannfaren hvis eg brukar meir straum om natta?

Flytting av forbruk skal ikkje gå ut over komfort eller tryggleik i heimen. Me anbefaler for eksempel ingen å bruka vaskemaskin, tørketrommel eller oppvaskmaskin når dei søv. Det er heller ikkje mykje å spara på dette. Elbil kan du derimot trygt lada om natta, om du har installert eigen heimeladar og nytta elektrikar til arbeidet.

Kor mange kan påverke nettleiga si?

Dei som brukar mest strøm vil kunne påvirka nettleiga mest. Det gjeld ikkje minst alle dei som har elbil og eigen heimelader, men det gjeld også andre. For eksempel bør du unngå å skru opp varmeovnar, sette på vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin samtidig. Varmtvassberedaren kan svært mange slå av på dagtid utan å merke det. Dette er enkle og kostnadsparande grep. Å fordele straumforbruket gjennom dagen er nøkkelen her.

Kvifor vert nettleiga endra frå 01.07.2022?

Målet med den nye nettleigestrukturen er å halda kostnadane ved å byggja straumnettet nede. Me kan nytta straumnettet smartare ved å fordela straumforbruket ut over døgnet og unngå å bruka for mange straumkrevjande produkt samtidig. Me oppfordrar alle til å vera bevisste på forskjellen mellom nettleige og kraftpris. På "MI Side" kan du sjekke forbruk og prisar.