Finnås Kraftlag har ansvar for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) på vegne av Toll- og avgiftsdirektoratet.

Reglane for forbruksavgift i korte trekk:

  • Hushald- og næringskundar betalar generelt full avgift. Denne er frå 2022 delt i høg og låg sats alt etter tid på året. Satsar varsla for 2022 er 8,91 øre/kWh eks. mva i janauar til og med mars. April til desember er satsen 15,41 øre/kWh (eks. mva.).
  • Bedrifter med næringskode 5 - 33 (SN2007) betaler redusert avgift på 0,546 øre/kWh (eks. mva).
  • Redusert avgift gjeld berre for forbruk i sjølve produksjonsprosessen.
  • I nokre særtilfelle gis det fritak frå forbruksavgift, dette er nærmare forklart her: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/avgifter/saravgifter/om/elektrisk-kraft/
  • Alt forbruk som ikkje brukast i produksjonsprosessen reknast som brukt til administrasjon.
  • Forbruk til administrasjonsbygg skal belastast med full forbruksavgift.
  • Når fleire typar verksemder ligg bak same målar skal det foretas ei fordeling på dei ulike avgiftssatsane.
  • Kunden må på eige skjema (PDF, 55KB) dokumentere retten til redusert avgift.
  • Kunden må på eige skjema (PDF, 49KB) dokumentere retten til avgiftsfritak.
  • Bedriftene er sjølve ansvarlege overfor Toll- og avgiftsdirektoratet for å betale korrekt avgiftssats.